Museum
Nedrebergtunet har kultur og tradisjon både i bygningar og inventar. Gardsmuseumet inneheld gammal reiskap, ei stor tekstilsamling, sko og klede som har tilhøyrt garden. Mange av gjenstandane viser livet til gardskvinnene på Nedreberg. Det var mange flittige hender blant formødrene våre, og dei hadde stor sans for å kombinere det vakre med det nyttige.
Her kan ein finne mange døme på korleis mattradisjonane var i gamle dagar.
Omlag 80 åkle og vevde teppe er samla her i tillegg til ei stor mønstersamling innan veving, hekling og brodering.
RSS