Aktivitetar
Nedrebergtunet tilbyr ei rekke aktivitetar, som stimulerar både gane, kropp og sjel. Baking, brygging og anna matlaging vert gjennomført som hyggeleg og nyttig tradisjonsaktivitet, også som meir grundig opplæring gjennom kurs.
Frå tunet er både fjord og fjell lett tilgjengeleg. Fisking på fjorden, soppsanking i skogen, bærplukking på fjellet, er populære aktivitetar blant gjestene våre. Turar til setra er perfekt for den som vil oppleve optimal ro, akkompangert av elvesus og saueklokker. Fjellheimen i Stryn legg til rette for flotte og utfordrande toppturar, både sommar og vinter.
Strikkekafé
I skulehuset arrangerer vi strikkekafé den første onsdagen i kvar månad. Alle er velkomne, både med og utan strikketøy. Vi nyttar høvet til å høgtlese ei historie skriven av tidlegare elevar i skulehuset, t.d stilar frå 1920-talet. Kaffi og enkel serverig.
Tradisjonsmat
Vi tilbyr kurs og serverer dei deiligaste bakstevarer, etter gamle oppskrifter, bakt i steinovn. Vedfyrt bakaromn set ein kulinarisk spiss på din meny. Hjortesteik, røykt kjøt og fisk, flatbrød og hellekaker er mellom rettane som inngår i tradisjonsrik kost.
Brygging
Etter lang tids prøving og feiling tilbyr vi no spisskompetent kursing i ølbrygging etter gammal tradisjon. Dette er ein langvarig og tolmodig prosess, men resultat er som alt anna godt. Verdt å vente på. Smaksprøver ligg på lager, men om du ønskjer det, sender vi resultatet ditt heim til deg.
Selskap
Til selskap tilbyr vi tradisjonsmat frå eige kjøken i Nedrebergtunet, eller anna servering etter avtale. I Nordfjordstova er det bordplass til 35 og i Masstova til 15 gjester. Nedrebergtunet har ambulerande skjenkeløyve for øl og vin.
Eventyrstund
Mastova er eit stemningsfullt bygg. Sotmørke laftaveggar, og små glasvindu, legg til rette for ei fullverdig eventyrstund der fantasien kan legge i veg inn i eventyrlandet. Levande lys, vedfyrt omn, og eventyrlege omgjevnader og opplevelsar gjer eventyret levande. Skummelt, eller morosamt.
RSS