Velkomen til krefttreffet i oktober, 19.10 kl 19 i Nedrebergtunet
12.10.2011Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet
Krefttreffet i oktober vert i Nordfjordstova i Nedrebergtunet onsdag 19. kl 19. Treffet er for alle som har behov for å ha ein stad å treffast, både kreftråka og pårørande.
På kreftreffet vil vi ha fokus på likemannsarbeid der vi kan utveksle tankar og meiningar. Erfaringane våre er kanskje ulike, men vi har alle noko å gje kvarandre i ein vanskeleg kvardag. Når alvorleg sjukdom råkar, er det ofte godt å dele tankar med andre og å ha ein friplass der ein kan lufte stort og smått. Vi legg vekt på sjølvhjelp, livsmeistring og at treffa skal vere ein møteplass der alle skal kjenne seg heime.
Det vert informasjon om Rosa sløyfe-aksjonen som føregår i oktober månad. Vidare vil vi referere frå arrangementet som brystkreftforeininga hadde på Singerheimen første helga i oktober.
Det vil bli enkel servering og fokus på verdien av ein god prat.
Alle er hjarteleg velkomne. Ta gjerne med deg ein venn.»
Lagra under Arrangement, Generelt | Ingen kommentarer »
Abonner på
RSS