Arkiverte nyheter lagret under Arrangement

Kulturminnedagen 12.09.10 og Husflidsdagen 11.09.10 – Med tråd og pinnar i skulehuset

01.09.2010

Velkomen til kulturminnedagen 2010

Temaet i år er «Nytt liv i gamle minne»

Velkomen til ei flott utstilling av strikka plagg i skulehuset i Nedrebergtunet.’

Tid og stad:

Laurdag 11.08 og søndag 12.08 frå kl 11 til 18.

I Nedrebergtunet har vi siste åra teke det gamle skulehuset i bruk som strikkekafe.

I  samband med kulturminnedagen, vil vi ha ei utstilling av nye og gamle strikka plagg som medlemane av strikkekafene presenterer i ei flott utstilling i det gamele skulehuset.

Sidan det er Norges husflidslag sin offisielle husflidsdag 11. september, utvidar vi utstillinga til og å presentere husflidslaget i Stryn.

Kanskje du har interesse av å vere medlem av laget?

Utstillinga er gratis.

I tille0gg  tilbyr vi omvising i tunet og gardsmuseet til redusert pris, kr 50

Enkel servering av kaffi og heimebakst kr 60

Vi er einaste utstillar i heile Sogn og Fjordane som markerer Kulturminnedagen.  Og er kry over at det er dei flittige damene i Stryn som får høve til å markere seg.  Dei står for mykje god kunnskap om gamle tradisjonar som framleis er i bruk og like populært som i tidlegare tider.

Velkomen til siste krefttreffet før sommaren 2010

31.05.2010

Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet
Onsdag 2. juni   vert siste  krefttreffet  i Nedrebergtunet før sommarferien.

Berit Loen og Irene Stensaker vil ta for seg temaet kva hjelp ein kan få frå ressurssjukepleiarane i kommunen når alvorleg sjukdom råkar.

Brystkreftforeininga i Nordfjord vil og vere til stades denne kvelden.

Sidan det er siste treffet før sommarferien, vil vi markere dette med litt ekstra god mat og omvising i Nedrebergtunet.

Som vanleg har alle høve til å lufte smått og stort.

Krefttreffet er ein samlingsstad for kreftråka og pårørande i Stryn og Hornindal kommunar. Alle er hjarteleg velkomne. Ta gjerne med deg ein venn

Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet 28.april kl 19

27.04.2010

Det vert eit treff utan spesielt tema.  Vi legg  vekt på det sosiale med litt servering og verdien av ein god prat.
Som vanleg har alle høve til å lufte smått og stort.
Krefttreffet er ein samlingsstad for kreftråka og pårørande i Stryn og Hornindal kommunar. Alle er hjarteleg velkomne. Ta gjerne med deg ein venn

Songkurs i regi av Fjelljom

07.03.2010

Songkurs

Spelemannslaget Fjelljom byr no inn til songkurs med Elin Pehrson Grytting. Bærumsjenta  med sogneblod i årane gifte seg med ein nordfjording og har budd på Sandane i lang tid. Ho har verkeleg gått inn for å lære mest muleg om våre folkelege songtradisjonar. Sidan 1989 har ho vore tilsett som fylkesmusikar, eller kanskje vi skal seie fylkessongar. For nokre år sidan gjorde ho eit storverk ved å gje ut CD og lage konsertprogram med diktarpresten Claus Frimann sine songar i sentrum. Frimann heldt til i Davik og vert nemnd som Nordfjord sitt svar på nordlendingen Petter Dass. Men Elin har og grundig kjennskap til det meste av songskatten elles i fylket vårt. Ho har lang røynsle med undervisning innan folkesong. Vi er no så heldige at vi får henne til Nedrebergtunet tre torsdagskveldar framover. Det er ingen aldersgrenser oppover og nedover eller andre krav for å vere med. Kanskje du ikkje reknar deg som songar i det heile, men er interessert i dei gode tekstane, frå herlege barnerim til alvorlege eller humoristiske viser for vaksne? Og innimellom songen vert det tid til ein kaffikopp og Torill sin heimebakst. Sjå lysing.

Lysing:

Songkurs

i Nedrebergtunet torsdagane 11/3, 18/3 og 25/3  kl 1930.

Lærar er fylkesmusikar Elin Grytting.

Kursavgift: kr 100,- pluss pengar for enkel servering.

Tilskipar: Spelemannslaget Fjelljom

(med statleg støtte frå KOMP-midlane)

Velkomen til krefttreff 17. februar kl 19

11.02.2010

Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet

Onsdag 17. februar  vert det krefttreff  i Nedrebergtunet. Tidspunkt er endra i høve tidlegare planar

Tema vil vere informasjon  om møteplassar for kreftråka i Nordfjord. Det vert høve for dei frammøtte å kome med innspel om kva dei ønskjer fokus på framover og som vanleg har alle høve til å lufte smått og stort.

Som vanleg legg vi vekt på det sosiale med litt servering og verdien av lein god prat.

Forskning viser at kreftråka som støttar kvarandre, har betre  prognosar til å halde seg friske.  Det er ein del av motivasjonen for å skipe til krefttreffa. Dessutan er dette ein stad der også pårørande kan dele erfaringar og finne støtte i samhaldet gruppa gjev.

Krefttreffet er ein samlingsstad for kreftråka og pårørande i Stryn og Hornindal kommunar. Alle er hjarteleg velkomne. Ta gjerne med deg ein venn.

Velkomen til krefttreff 27. januar 2010 kl 20

15.01.2010

Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet

Onsdag 27. januar  vert det krefttreff  i Nedrebergtunet for første gong i år.

Vi får informasjon om kva tenester NAV tilbyr når nokon vert sjuk. I somme høve vil sjukdom få innverknad på fleire enn den sjuke og heile familien kan ha behov for hjelp og støtte.  Av og til lurer vi på kva rettar vi har og kvifor det kan sjå ut til at tilbodet varierer frå brukar til brukar.  Fleire har ønskt meir informasjon frå NAV

Det offentlege hjelpeapparatet har vore gjennom store endringar siste tida. Det er vanskeleg å halde seg orientert  om dei nye reformene og  tilbodet NAV gjev.

Kari Tonning, leiar for NAV Stryn, vil kome og informere om tilboda til NAV.  Det vert høve til spørsmål.

Som vanleg legg vi vekt på det sosiale med litt servering og høve til ein god prat.

Forskning viser at kreftråka som støttar kvarandre, har betre  prognosar til å halde seg friske.  Det er ein del av motivasjonen for å skipe til krefttreffa. Dessutan er dette ein stad der også pårørande får høve til å dele erfaringar og finne støtte i samhaldet gruppa gjev.

Krefttreffet er ein samlingsstad for kreftråka og pårørande i Stryn og Hornindal kommunar. Alle er hjarteleg velkomne.

Førjulsstrikkekafe onsdag 9.12.09 kl 19

08.12.2009

Velkomen til den siste strikkekafeen dette året. Vi kjem til å markere det med litt førjulskos med kaffi, kakao og noko attåt.

Alle med interesse for strikking og sosialt samvær er hjarteleg velkomne til ei hyggeleg stund i skulehuset i Nedrebergtunet.

Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet 25.11.09 kl 20

19.11.2009

Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet

Onsdag vert det krefttreff for fjerde gong denne hausten.

Av erfaring ser vi at det ikkje  berre er den som vert råka av kreft som kan ha behov for hjelp og rettleiing, men og dei pårørande kan ha behov for ein stad å  møtast. Vi inviterer begge gruppene frå Stryn og Hornindal kommunar til krefttreffet.

Denne gongen tek vi eit tilbakeblikk på tema vi har hatt tidlegare. Eitt av spørsmåla vi ofte har drøfta, er korleis møte omverda når livet vert vanskeleg.  Kan vi som har mykje erfaring å dele også gje råd til andre?

Som vanleg legg vi vekt på det sosiale med litt servering og høve til ein god prat.

Forskning viser at kreftråka som støttar kvarandre, har betre prognosar til å halde seg friske.  Det er ein del av motivasjonen for å skipe til krefttreffa. Dessutan er dette ein stad der også pårørande får høve til å dele erfaringar og finne støtte i samhaldet gruppa gjev.

Alle er hjarteleg velkomne.

Kulturnatt i Nedrebergtunet 13. november 2009 kl 22.30

05.11.2009

Velkomen til ei hyggeleg stund i Nordfjordstova i Nedrebergtunet der vi også i år vil skipe til kulturnatt

Her blir god stemning og mykje humor

Arne Sølvberg kjem og underheld både med musikk og gode  forteljingar. Kanksje har også du ei  historie på lur?

Sal av nattmat:

smørbrødskake kr 150

VELKOMEN TIL STRIKKEKAFE i skulehuset

05.11.2009

Onsdag 11.11.09 frå kl. 19.00 til kl 22.00

Du treng ikkje vere god til å strikke.

Vi skal hyggje oss med handarbeid eller berre kose oss i skulehuset.

Her finn du og ei flott samling gamle strikkemønstrer og andre handarbeidsoppskrifter.  Kanskje du vert inspirert til ein vakker kreasjon?

Sal av kaffi med meir kr. 50,-