Arkiverte nyheter lagret under Arrangement

Velkomen til krefttreffet i oktober, 19.10 kl 19 i Nedrebergtunet

12.10.2011

Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet

Krefttreffet i oktober vert i Nordfjordstova i Nedrebergtunet onsdag 19. kl 19. Treffet er for alle som har behov for å ha ein stad å treffast, både kreftråka og pårørande.

På kreftreffet vil vi ha fokus på likemannsarbeid der vi kan utveksle tankar og meiningar. Erfaringane våre er kanskje ulike, men vi har alle noko å gje kvarandre i ein vanskeleg kvardag. Når alvorleg sjukdom råkar, er det ofte godt å dele tankar med andre og å ha ein friplass der ein kan lufte stort og smått.  Vi legg vekt  på sjølvhjelp, livsmeistring og at treffa skal vere ein møteplass der alle skal kjenne seg heime.

Det vert  informasjon om Rosa sløyfe-aksjonen som føregår i oktober månad. Vidare vil vi referere frå arrangementet som brystkreftforeininga hadde på Singerheimen første helga i oktober.

Det vil bli enkel  servering og fokus på verdien av ein god prat.

Alle er hjarteleg velkomne. Ta gjerne med deg ein venn.»

Velkomen til strikkekafe onsdag 5. oktober 2011

04.10.2011

Det vert markering av 5 års aktivitet med strikkekafe i skulehuset i Nedrebergtunet denne onsdagen.

Stryn husflidslag har no teke over den formelle drifta av kafeen, men vi held fram som tidlegare, med ei hyggeleg samling der strikking eller andre formingsaktivitetar står i fokus. Ein treng ikkje vere god til å strikke for å kunne møte på strikkekafeen, for her er plass til alle, både medlemar av husflidslaget og andre. Det er ikkje noko press til å vere medlem av laget, men alle er velkomne til det og, om det er interesse for det.

Stryn husflidslag vil presentere programmet for diverse aktivitetar framover, som kurs i bunadsaum, ung husflid og stand på kulturnatta i Stryn kulturhus, 11.11.11. På standen vil ein då setje fokus på at husflidslaget er 70 år i år.

Sidan det er 5 årsjubileum i år, så vankar det kake i tillegg til den tradisjonelle serveringa av vørterbrød.

Denne gongen vert det og ei lita utlodding.

Krimkveld i Nedrebergtunet

16.09.2011

KRIMKVELD I STRYN

Vi inviterer deg til litteraturkveld

i NEDREBERGTUNET

Forfattarane Rune Timberlid og Bjarte Sindre kjem for å snakka om sine
bøker og sitt forfattarskap. Rune Timberlid vil blant anna snakka om si
siste bok, Sanct Svithuns gåte, som har si handling omkring Selje. Sindre sine bøker

i serien Odins Smykke involverer heile vest-kysten i vikingtida.

I tillegg til det litterære vil det også bli ei enkel servering og musikkinnslag
frå lokale kulturskuleelevar.

Tid/Stad Nedrebergtunet 22. september kl. 19.00.
påmelding  birger.nedberge@spv.no, tlf. 909 48 660 eller stikk
innom banken i Stryn. Ev kan du ta kontakt med Nedrebergtunet.
Det er avgrensa antal plassar så vi praktiserar
«fyrste mann til mølla».
Velkommen!
Invitasjon

Krimfest Vest                     Sparebanken Vest

Markering av Husflidsdagen 10.09 og Kulturminnedagen 11.09.11

02.09.2011

Velkomen til ei hyggeleg helg med markering av Husflidsdagen og Kulturminnedagen i Nedrebergtunet frå kl 11 til 18

Her vert demonstrasjon av ulike teknikkar i arbeid med ull, utstillinga «Ull – kvarmanns gull» i Skulehuset i tunet, omvising i gardsmuseet og i Nedrebergtunet og mykje meir.

Publikum får høve til å ta del i formingsaktivitetar som høver både for barn og vaksne.

Søndag vert det kulturvandring kl 13, på Kyrkjevegen frå Bergsida  til Vik, under tema Skjulte spor i landskap. Kulturvandringa er i samarbeid med Bergsida Grendalag med kjentfolk som fortel om kulturminne langs med den gamle vegen som Bergsidarane nytta når dei skulle gå inn  til Tonning. Hugs gode sko

Arrangementet er eit samarbeid med Stryn Husflidslag, Bergsida Grendalag og Stryn kommune

Sal av kaffi og heimebakst.

Velkomen til krefttreff onsdag 27. april 2011

22.04.2011

Onsdag 27. april  skipar vi til krefttreff i Nedrebergtunet. Krefttreffet er ein sosial samlingsstad  for kreftråka og pårørande i Stryn og Hornindal kommunar. Krefttreffet skal vere ein møteplass der alle skal kjenne seg heime og kunne utveksle erfaringar.

Når alvorleg sjukdom råkar, er det ofte godt å dele erfaringar med andre og å ha ein friplass der ein kan lufte stort og smått. .

Denne gongen blir det eit reint sosialt treff der vi set fokus på  sjølvhjelp og livsmeistring.

Dette vert siste treffet denne sesongen, men vi startar opp att til hausten.

Det vil bli enkel  servering og fokus på verdien av ein god prat.

Alle er hjarteleg velkomne. Ta gjerne med deg ein venn.

Velkomen til krefttreff onsdag 30. mars 2011

23.03.2011

Onsdag 30. mars skipar vi til krefttreff Nedrebergtunet

Krefttreffet er ein sosial samlingsstad  for kreftråka og pårørande i Stryn og Horndal kommunar. Krefttreffet skal vere ein møteplass der alle skal kjenne seg heime og kunne utveksle erfaringar.

Når alvorleg sjukdom råkar, er det ofte godt å dele erfaringar med andre og å ha ein friplass der ein kan lufte stort og smått. .

Denne gongen blir det eit reint sosialt treff der vi set fokus på  sjølvhjelp og livsmeistring

Det vil bli enkel  servering og fokus på verdien av ein god prat.

Alle er hjarteleg velkomne. Ta gjerne med deg ein venn.»

Velkomen til strikkekafe i skulehuset onsdag 2. mars kl 19

01.03.2011

Vi har framleis plass til fleire.  Her samlast flittige kvinner som strikkar dei flottaste kreasjonar, og andre kvinner som deltek mest for det sosiale si skuld.

I tillegg til å strikke byr vi på kaffiøkt med heimebakt og litt kulturinnslag. Kanskje ein stil eller to frå gode gamle dagar då skulehuset var i bruk (1930 talet)

Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet 23. februar kl 19

21.02.2011

Onsdag 23. februar skipar vi til krefttreffet Nedrebergtunet

Krefttreffet er ein sosial samlingsstad  for kreftråka og pårørande i Stryn og Hornindal kommunar.

Når alvorleg sjukdom råkar, er det ofte godt å dele erfaringar med andre og å ha ein friplass der ein kan lufte stort og smått.  Vi legg vekt  på sjølvhjelp, livsmeistring og at treffa skal vere ein møteplass der alle skal kjenne seg heime og kunne utveksle erfaringar.

Denne gongen vil vi få presentert ressurssjukepleiarane i Stryn kommune og få informasjon om kva hjelp dei kan tilby.

Det vil bli enkel  servering og fokus på verdien av ein god prat.

Alle er hjarteleg velkomne. Ta gjerne med deg ein venn.»

Velkomen til krefttreff i Nedrebergrtunet 24.11 kl 19

21.11.2010

Onsdag 24. november skipar vi til tredje krefttreffet Nedrebergtunet denne hausten.

Krefttreffet er ein samlingsstad for kreftråka og pårørande i Stryn og Hornindal kommunar.

Når alvorleg sjukdom råkar, er det ofte godt å dele erfaringar med andre og å ha ein friplass der ein kan lufte stort og smått.  Vi legg vekt  på sjølvhjelp, livsmeistring og at treffa skal vere ein friplass der alle skal kjenne seg heime og kunne utveksle erfaringar.

Det vil bli enkel  servering og fokus på verdien av ein god prat.

Alle er hjarteleg velkomne. Ta gjerne med deg ein venn.

Dette er siste treffet før jul.  Vi satsar på oppstart igjen siste onsdag i januar.

Kulturminnedagen 12.09.10 og Husflidsdagen 11.09.10 – Med tråd og pinnar i skulehuset

01.09.2010

Velkomen til kulturminnedagen 2010

Temaet i år er «Nytt liv i gamle minne»

Velkomen til ei flott utstilling av strikka plagg i skulehuset i Nedrebergtunet.’

Tid og stad:

Laurdag 11.08 og søndag 12.08 frå kl 11 til 18.

I Nedrebergtunet har vi siste åra teke det gamle skulehuset i bruk som strikkekafe.

I  samband med kulturminnedagen, vil vi ha ei utstilling av nye og gamle strikka plagg som medlemane av strikkekafene presenterer i ei flott utstilling i det gamele skulehuset.

Sidan det er Norges husflidslag sin offisielle husflidsdag 11. september, utvidar vi utstillinga til og å presentere husflidslaget i Stryn.

Kanskje du har interesse av å vere medlem av laget?

Utstillinga er gratis.

I tille0gg  tilbyr vi omvising i tunet og gardsmuseet til redusert pris, kr 50

Enkel servering av kaffi og heimebakst kr 60

Vi er einaste utstillar i heile Sogn og Fjordane som markerer Kulturminnedagen.  Og er kry over at det er dei flittige damene i Stryn som får høve til å markere seg.  Dei står for mykje god kunnskap om gamle tradisjonar som framleis er i bruk og like populært som i tidlegare tider.