Nyheiter frå oktober 2011

Velkomen til krefttreffet i oktober, 19.10 kl 19 i Nedrebergtunet

12.10.2011

Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet

Krefttreffet i oktober vert i Nordfjordstova i Nedrebergtunet onsdag 19. kl 19. Treffet er for alle som har behov for å ha ein stad å treffast, både kreftråka og pårørande.

På kreftreffet vil vi ha fokus på likemannsarbeid der vi kan utveksle tankar og meiningar. Erfaringane våre er kanskje ulike, men vi har alle noko å gje kvarandre i ein vanskeleg kvardag. Når alvorleg sjukdom råkar, er det ofte godt å dele tankar med andre og å ha ein friplass der ein kan lufte stort og smått.  Vi legg vekt  på sjølvhjelp, livsmeistring og at treffa skal vere ein møteplass der alle skal kjenne seg heime.

Det vert  informasjon om Rosa sløyfe-aksjonen som føregår i oktober månad. Vidare vil vi referere frå arrangementet som brystkreftforeininga hadde på Singerheimen første helga i oktober.

Det vil bli enkel  servering og fokus på verdien av ein god prat.

Alle er hjarteleg velkomne. Ta gjerne med deg ein venn.»

Velkomen til strikkekafe onsdag 5. oktober 2011

04.10.2011

Det vert markering av 5 års aktivitet med strikkekafe i skulehuset i Nedrebergtunet denne onsdagen.

Stryn husflidslag har no teke over den formelle drifta av kafeen, men vi held fram som tidlegare, med ei hyggeleg samling der strikking eller andre formingsaktivitetar står i fokus. Ein treng ikkje vere god til å strikke for å kunne møte på strikkekafeen, for her er plass til alle, både medlemar av husflidslaget og andre. Det er ikkje noko press til å vere medlem av laget, men alle er velkomne til det og, om det er interesse for det.

Stryn husflidslag vil presentere programmet for diverse aktivitetar framover, som kurs i bunadsaum, ung husflid og stand på kulturnatta i Stryn kulturhus, 11.11.11. På standen vil ein då setje fokus på at husflidslaget er 70 år i år.

Sidan det er 5 årsjubileum i år, så vankar det kake i tillegg til den tradisjonelle serveringa av vørterbrød.

Denne gongen vert det og ei lita utlodding.