Velkomen til haustens første krefttreff onsdag 29.09 kl 19
24.09.2010Dette er annonsa du kan lese i Fjordingen på fredag 24. september:
«Det vert ein kveld med fokus på det sosiale.
Orientering om rosa sløyfe aksjonen
Ta gjerne med ein ven
Enkel servering»
Som du sikkert kjenner til har vi hatt krefttreff siste onsdag i månaden, med ulike tema på programmet.
Krefttreffet er ein samlingsstad for kreftråka og pårørande i Stryn og Hornindal kommunar.
Når alvorleg sjukdom råkar, er det ofte godt å dele erfaringar med andre og å ha ein friplass der ein kan lufte stort og smått. Tema for treffa har variert etter ønskje frå dei frammmøtte. Men vi har alltid lagt vekt på v: sjølvhjelp, livsmeistring og at treffa skal vere ein friplass der alle skal kjenne seg heime og kunne utveksle erfaringar.
Alle er hjarteleg velkomne.
Lagra under Generelt | Ingen kommentarer »
Abonner på
RSS