Velkomen til siste krefttreffet før sommaren 2010
31.05.2010Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet
Onsdag 2. juni vert siste krefttreffet i Nedrebergtunet før sommarferien.
Berit Loen og Irene Stensaker vil ta for seg temaet kva hjelp ein kan få frå ressurssjukepleiarane i kommunen når alvorleg sjukdom råkar.
Brystkreftforeininga i Nordfjord vil og vere til stades denne kvelden.
Sidan det er siste treffet før sommarferien, vil vi markere dette med litt ekstra god mat og omvising i Nedrebergtunet.
Som vanleg har alle høve til å lufte smått og stort.
Krefttreffet er ein samlingsstad for kreftråka og pårørande i Stryn og Hornindal kommunar. Alle er hjarteleg velkomne. Ta gjerne med deg ein venn
Lagra under Arrangement, Generelt | Ingen kommentarer »
Abonner på
RSS