Songkurs i regi av Fjelljom
07.03.2010Songkurs
Spelemannslaget Fjelljom byr no inn til songkurs med Elin Pehrson Grytting. Bærumsjenta med sogneblod i årane gifte seg med ein nordfjording og har budd på Sandane i lang tid. Ho har verkeleg gått inn for å lære mest muleg om våre folkelege songtradisjonar. Sidan 1989 har ho vore tilsett som fylkesmusikar, eller kanskje vi skal seie fylkessongar. For nokre år sidan gjorde ho eit storverk ved å gje ut CD og lage konsertprogram med diktarpresten Claus Frimann sine songar i sentrum. Frimann heldt til i Davik og vert nemnd som Nordfjord sitt svar på nordlendingen Petter Dass. Men Elin har og grundig kjennskap til det meste av songskatten elles i fylket vårt. Ho har lang røynsle med undervisning innan folkesong. Vi er no så heldige at vi får henne til Nedrebergtunet tre torsdagskveldar framover. Det er ingen aldersgrenser oppover og nedover eller andre krav for å vere med. Kanskje du ikkje reknar deg som songar i det heile, men er interessert i dei gode tekstane, frå herlege barnerim til alvorlege eller humoristiske viser for vaksne? Og innimellom songen vert det tid til ein kaffikopp og Torill sin heimebakst. Sjå lysing.
Lysing:
Songkurs
i Nedrebergtunet torsdagane 11/3, 18/3 og 25/3 kl 1930.
Lærar er fylkesmusikar Elin Grytting.
Kursavgift: kr 100,- pluss pengar for enkel servering.
Tilskipar: Spelemannslaget Fjelljom
(med statleg støtte frå KOMP-midlane)
Lagra under Arrangement, Generelt | Ingen kommentarer »
Abonner på
RSS