Velkomen til krefttreff 17. februar kl 19
11.02.2010Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet
Onsdag 17. februar vert det krefttreff i Nedrebergtunet. Tidspunkt er endra i høve tidlegare planar
Tema vil vere informasjon om møteplassar for kreftråka i Nordfjord. Det vert høve for dei frammøtte å kome med innspel om kva dei ønskjer fokus på framover og som vanleg har alle høve til å lufte smått og stort.
Som vanleg legg vi vekt på det sosiale med litt servering og verdien av lein god prat.
Forskning viser at kreftråka som støttar kvarandre, har betre prognosar til å halde seg friske. Det er ein del av motivasjonen for å skipe til krefttreffa. Dessutan er dette ein stad der også pårørande kan dele erfaringar og finne støtte i samhaldet gruppa gjev.
Krefttreffet er ein samlingsstad for kreftråka og pårørande i Stryn og Hornindal kommunar. Alle er hjarteleg velkomne. Ta gjerne med deg ein venn.
Lagra under Arrangement, Generelt | Ingen kommentarer »
Abonner på
RSS