Velkomen til krefttreff 27. januar 2010 kl 20
15.01.2010Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet
Onsdag 27. januar vert det krefttreff i Nedrebergtunet for første gong i år.
Vi får informasjon om kva tenester NAV tilbyr når nokon vert sjuk. I somme høve vil sjukdom få innverknad på fleire enn den sjuke og heile familien kan ha behov for hjelp og støtte. Av og til lurer vi på kva rettar vi har og kvifor det kan sjå ut til at tilbodet varierer frå brukar til brukar. Fleire har ønskt meir informasjon frå NAV
Det offentlege hjelpeapparatet har vore gjennom store endringar siste tida. Det er vanskeleg å halde seg orientert om dei nye reformene og tilbodet NAV gjev.
Kari Tonning, leiar for NAV Stryn, vil kome og informere om tilboda til NAV. Det vert høve til spørsmål.
Som vanleg legg vi vekt på det sosiale med litt servering og høve til ein god prat.
Forskning viser at kreftråka som støttar kvarandre, har betre prognosar til å halde seg friske. Det er ein del av motivasjonen for å skipe til krefttreffa. Dessutan er dette ein stad der også pårørande får høve til å dele erfaringar og finne støtte i samhaldet gruppa gjev.
Krefttreffet er ein samlingsstad for kreftråka og pårørande i Stryn og Hornindal kommunar. Alle er hjarteleg velkomne.
Lagra under Arrangement, Generelt | Ingen kommentarer »
Abonner på
RSS