Nyheiter frå 2009

TETT PÅ FOLKEMUSIKARANE kl. 20.00 6. mars 2009

26.02.2009

Folkemusikarane i Sogn og Fjordane dreg i gong ein ny sesong med konsertserien “Tett på” våren 2009.

I denne konsertserien får publikum eit ekslusivt møte med nokre av våre fremste forvaltarar av folkemusikken i fylket.

Dette er ein unik sjanse til å høyre folkemusikarane formidle sine beste slåttar, folketonar, anekdotar og historier i stemningsfulle omgjevnader.

Tett på-konsertar har tre medverkande musikarar, og kvar av desse har ei soloavdeling på 20-25 min. Mellom kvar konsertøkt blir det lagt opp til kaffipause for publikum, og lokal arrangør sørgjer for sal av kaffi/kaffimat.

Fredag 6. mars vil det vere følgjande utøvarar: Synnøve S. Bjørset (hardingfele), Sigmund Eikås (hardingfele), Oddbjørn Ramstad (trekkspel/toradar).

Konsertstart kl.20.00 Velkomen til Nedrebergtunet denne
kvelden.