Nyheiter frå november 2009

Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet 25.11.09 kl 20

19.11.2009

Velkomen til krefttreff i Nedrebergtunet

Onsdag vert det krefttreff for fjerde gong denne hausten.

Av erfaring ser vi at det ikkje  berre er den som vert råka av kreft som kan ha behov for hjelp og rettleiing, men og dei pårørande kan ha behov for ein stad å  møtast. Vi inviterer begge gruppene frå Stryn og Hornindal kommunar til krefttreffet.

Denne gongen tek vi eit tilbakeblikk på tema vi har hatt tidlegare. Eitt av spørsmåla vi ofte har drøfta, er korleis møte omverda når livet vert vanskeleg.  Kan vi som har mykje erfaring å dele også gje råd til andre?

Som vanleg legg vi vekt på det sosiale med litt servering og høve til ein god prat.

Forskning viser at kreftråka som støttar kvarandre, har betre prognosar til å halde seg friske.  Det er ein del av motivasjonen for å skipe til krefttreffa. Dessutan er dette ein stad der også pårørande får høve til å dele erfaringar og finne støtte i samhaldet gruppa gjev.

Alle er hjarteleg velkomne.

Kulturnatt i Nedrebergtunet 13. november 2009 kl 22.30

05.11.2009

Velkomen til ei hyggeleg stund i Nordfjordstova i Nedrebergtunet der vi også i år vil skipe til kulturnatt

Her blir god stemning og mykje humor

Arne Sølvberg kjem og underheld både med musikk og gode  forteljingar. Kanksje har også du ei  historie på lur?

Sal av nattmat:

smørbrødskake kr 150

VELKOMEN TIL STRIKKEKAFE i skulehuset

05.11.2009

Onsdag 11.11.09 frå kl. 19.00 til kl 22.00

Du treng ikkje vere god til å strikke.

Vi skal hyggje oss med handarbeid eller berre kose oss i skulehuset.

Her finn du og ei flott samling gamle strikkemønstrer og andre handarbeidsoppskrifter.  Kanskje du vert inspirert til ein vakker kreasjon?

Sal av kaffi med meir kr. 50,-