VELKOMEN TIL KREFTTREFF ONSDAG 28. OKTOBER 2009 kl. 20

Onsdag vert det krefttreff for tredje gong denne hausten.

Av erfaring ser vi at det ikkje  berre er den som vert råka av kreft som kan ha behov for hjelp og rettleiing, men og dei pårørande kan ha behov for ein stad å  møtast. Vi inviterer begge gruppene frå Stryn og Hornindal kommunar  til krefttreffet

Denne gongen får vi  informasjon om kva tenester psykiatritenesta i Stryn kan tilby. Lars Raae vil informere og svare på spørmål

Som vanleg legg vi vekt på det sosiale med litt servering og høve til ein god prat.

Vi minner og om at det er fokus på brystkreft denne månaden og difor mykje fagstoff tilgjengeleg i media. Kanskje du ønskjer å diskutere noko av dette?

Forskning viser at kreftråka som støttar kvarandre, har betre  prognosar til å halde seg friske.  Det er ein del av motivasjonen for å skipe til krefttreffa. Dessutan er dette ein stad der også pårørande får høve til å dele erfaringar og finne støtte i samhaldet gruppa gjev.

Alle er hjarteleg velkomne

Legg inn en kommentar

XHTML: Du kan bruke disse taggene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>