Velkomen til strikkekafe onsdag 14. oktober kl 19
Velkomen til strikkekafeen som denne hausten har ope andre onsdag i månaden. Vi held til i skulehuset i Nedrebergtunet.
Programmet er som vanleg: strikking, godt prat og kaffi med noko attåt. Ja, og så har vi det tradisjonelle innslaget med opplesing av dagens stil.
Neste gong vil Janna lære oss å filte. Alle som har ønskje om at vi skal tilby kurs, er velkomne til å kome med innspel.
I år vil vi prøve å få liv i Stryn husflidslag, og inviterer alle interesserte til å møte opp for å få informasjon om dette. Dei som melder seg inn no, vil få resten av året gratis, og medlemskap for heile 2010.
Dersom det er ønskje om det, vil vi kunne tilby diverse kurs i tekstilforming utover hausten. Dette må vi kome tilbake til når planane ligg klare.
Alle hjarteleg velkomne.
Publisert 10.10.2009, klokka 11:59 og er lagra under Arrangement, Generelt. Du kan følge kommentarar på dette gjennom RSS 2.0 straum. Du kan legge igjen ein kommentar, eller trackbacke frå di eiga nettside.
Abonner på
RSS