Nyheiter frå oktober 2009

VELKOMEN TIL KREFTTREFF ONSDAG 28. OKTOBER 2009 kl. 20

27.10.2009

Onsdag vert det krefttreff for tredje gong denne hausten.

Av erfaring ser vi at det ikkje  berre er den som vert råka av kreft som kan ha behov for hjelp og rettleiing, men og dei pårørande kan ha behov for ein stad å  møtast. Vi inviterer begge gruppene frå Stryn og Hornindal kommunar  til krefttreffet

Denne gongen får vi  informasjon om kva tenester psykiatritenesta i Stryn kan tilby. Lars Raae vil informere og svare på spørmål

Som vanleg legg vi vekt på det sosiale med litt servering og høve til ein god prat.

Vi minner og om at det er fokus på brystkreft denne månaden og difor mykje fagstoff tilgjengeleg i media. Kanskje du ønskjer å diskutere noko av dette?

Forskning viser at kreftråka som støttar kvarandre, har betre  prognosar til å halde seg friske.  Det er ein del av motivasjonen for å skipe til krefttreffa. Dessutan er dette ein stad der også pårørande får høve til å dele erfaringar og finne støtte i samhaldet gruppa gjev.

Alle er hjarteleg velkomne

Velkomen til strikkekafe onsdag 14. oktober kl 19

10.10.2009

Velkomen til strikkekafeen som denne hausten har ope andre onsdag i  månaden. Vi held til i skulehuset i Nedrebergtunet.

Programmet er som vanleg: strikking, godt prat og kaffi med noko attåt. Ja, og så har vi det tradisjonelle innslaget med opplesing av dagens stil.

Neste gong vil Janna lære oss å filte. Alle som har ønskje om at vi skal tilby kurs, er velkomne til å kome med innspel.

I år vil vi prøve å få liv i Stryn husflidslag, og inviterer alle interesserte til å møte opp for å få informasjon om dette. Dei som melder seg inn no, vil få resten av året gratis, og medlemskap for heile 2010.

Dersom det er ønskje om det, vil vi kunne tilby diverse kurs i tekstilforming utover hausten. Dette må vi kome tilbake til når planane ligg klare.

Alle hjarteleg velkomne.