Velkomen til markering av kulturminnedagen søndag 14.09.09
Velkomen til markering av Kulturminnedagen i Nedrebergtunet
13. 09.09, frå kl 12 – 18
Vi markerer dagen med å stille ut den store samlinga med åkle og anna veggpryd som tilhøyrer Nedrebergtunet.
Sal av mat og kaffi
Billett: Kr 75/50
Rabatt til medlemar av Stryn husflidslag.
Nedrebergtunet,
www.nedreberg.no, tlf. 48038007
Omtale:
Velkomen til Kulturminnedagen søndag 13. september 2009. I Nedrebergtunet markerer vi dagen med å stille ut åkle og anna veggpryd skapt av flittige kvinner frå Nedreberg gjennom 200 år.
Vi har ei unik samling med åkle og ei flott mønstersamling som har blitt teikna ned av kvinner frå garden. Dette kan publikum få høve til å sjå nærare på denne dagen.
I tillegg har vi ei stor samling pyntehandkle som og vil bli utstilt. Handarbeida er eksempel på kultur og tradisjon knytt opp mot livet til kvinnene i eldre tider.
Det vert enkel servering med høve til å nyte stemninga i eit tun med rike tradisjonar og mange kulturminne frå gammal tid.
Publisert 11.09.2009, klokka 11:27 og er lagra under Arrangement, Generelt. Du kan følge kommentarar på dette gjennom RSS 2.0 straum. Du kan legge igjen ein kommentar, eller trackbacke frå di eiga nettside.
Abonner på
RSS