Nyheiter frå september 2009

Velkomen til det andre krefttreffet i haust 30.09.09 kl 20

23.09.2009

Treffet er for alle som har vore råka av kreft som pasient eller  pårørande i Stryn og Hornindal kommunar

Vi startar som vanleg med eit tema. Tannlege Janine Hug vil snakke om kva rettigheiter ein har i høve til tannhelse, behandling og rettleiing når ein får kreft.

Som tidlegare pasientar opplevde vi å få ulik informasjon om kva rettar ein hadde når det gjeld hjelp og behandling. Vi ønskjer å setje fokus på dette, og startar med å sjå nærare på tannpleie denne kvelden .

Kven har rett på gratis tannlegesjekk og behandling? Korleis bør tannstellet vere?

Vi legg vekt på at krefttreffa skal vere ein hyggeleg møteplass der det er rom for å dele smått og stort. Samtalen brukar gå livleg kring bordet og deltakarane styrer sjølve kva tema vi skal ha fokus på.

Krefttreffa er støtta av Kreftforeininga

Velkomen til markering av kulturminnedagen søndag 14.09.09

11.09.2009

Velkomen til markering av Kulturminnedagen i Nedrebergtunet

13. 09.09,  frå kl 12 – 18

Vi markerer dagen med å stille ut den store samlinga med åkle og anna veggpryd som tilhøyrer Nedrebergtunet.

Sal av mat og kaffi

Billett: Kr 75/50

Rabatt til medlemar av Stryn husflidslag.

Nedrebergtunet,

www.nedreberg.no, tlf. 48038007

Omtale:

Velkomen til Kulturminnedagen søndag 13. september 2009.  I Nedrebergtunet markerer vi dagen med å stille ut åkle og anna veggpryd skapt av flittige kvinner frå Nedreberg gjennom 200 år.

Vi har ei unik samling med åkle og ei flott mønstersamling som har blitt teikna ned av kvinner frå garden. Dette kan publikum få høve til å sjå nærare på denne dagen.

I tillegg har vi ei stor samling pyntehandkle som og vil bli utstilt. Handarbeida er eksempel på kultur og tradisjon knytt opp mot livet til kvinnene i eldre tider.

Det vert enkel servering med høve til å nyte stemninga i eit tun med rike tradisjonar og mange kulturminne frå gammal tid.