Velkomen til kreft-treff i Nedrebergtunet onsdag 26.08.09 kl 20
Treffet er for deg som har vorte råka av kreft og pårørande til kreftpasientar i Stryn og Hornindal.
Kreftgruppa hadde sitt første treff hausten 2008, og sidan då har vi hatt mange fine møte der vi har delt både alvor og skjemt med kvarandre. Forskning viser at det er viktig for prognosane til den enkelte å kunne dele opplevingar og erfaringar og vere i eit støttande miljø. Vi opplever at treffet har ein funksjon i så måte.
Vi møtest kvar siste onsdag i månaden. På kvart møte har vi eit tema etter forslag frå gruppa
Denne gongen får vi besøk av psykoterapeut Vibeke Visnes. Ho vil ta opp korleis ein kan arbeide med seg sjølv og meistre livet når ein opplever ei krise.
I tillegg vil vi som vanleg leggje vekt på at treffet skal vere sosialt og hyggjeleg med enkel servering og gjerne ein god song.
Publisert 24.08.2009, klokka 20:53 og er lagra under Arrangement. Du kan følge kommentarar på dette gjennom RSS 2.0 straum. Du kan legge igjen ein kommentar, eller trackbacke frå di eiga nettside.
Abonner på
RSS