Nyheiter frå august 2009

Velkomen til kreft-treff i Nedrebergtunet onsdag 26.08.09 kl 20

24.08.2009

Treffet er for deg som har vorte råka av kreft og pårørande til kreftpasientar i Stryn og  Hornindal.

Kreftgruppa hadde sitt første treff  hausten 2008, og sidan då har vi hatt mange fine møte der vi har delt både alvor og skjemt med kvarandre. Forskning viser at det er viktig for prognosane til den enkelte å kunne dele opplevingar og erfaringar og vere i eit støttande miljø. Vi opplever at treffet har ein funksjon i så  måte.

Vi møtest kvar siste onsdag i månaden. På kvart møte har vi eit tema etter forslag frå gruppa

Denne gongen får vi besøk av psykoterapeut Vibeke Visnes. Ho vil  ta opp korleis ein kan arbeide med seg sjølv og meistre livet når ein opplever ei krise.

I tillegg vil vi som vanleg leggje vekt på at treffet skal vere sosialt og hyggjeleg med enkel servering og gjerne ein god song.

Velkomen til første strikkekafeen i haust, onsdag 9. september 2009 kl 19 i skulehuset i Nedrebergtunet

24.08.2009

Strikkekafeen har samla mange damer med interesse for å  kunne møtast uformelt til handarbeid,  ein god prat og litt underhaldning. Vi møtast ein onsdag i månaden.

Om lag 30 aktive damer har vore innom strikkekafeen i den tida vi har halde ope.  I skulehuset er det god stemning. Her legg ein vekt på det sosiale, og kravet til å kunne strikke er svært neddempa. Like vel kan vi seie at mange av strikkekjerringane er svært dyktige og det er inspirerande å følgje med i arbeidet med dei flotte plagga som etter kvart tek form.

I tillegg til å strikke er det mange fine, gamle mønstre  samla i skulestova på Nedreberg. Her får ein idear til nye kreasjonar.

Vi skal heller ikkje gløyme den faste opplesinga av forteljingar skrivne av flittige elevar som gjekk på Bergsida skule på 30-talet. Dette er god underhaldning som gjev oss noko å tenkje på.

Som det seg hør og bør har vi og ei lita matøkt med heimelaga kaffimat og kanskje ein song eller to.

I haust har vi planlagt å skipe til kurs eller temakveldar etter ønskje frå deltakarane.

Alle som finn dette interessant, er velkomne. Nytt i haust er at Stryn husflidslag går inn og  støttar kafeen.