Strikkekafeen har samla mange damer med interesse for å kunne møtast uformelt til handarbeid, ein god prat og litt underhaldning. Vi møtast ein onsdag i månaden.
Om lag 30 aktive damer har vore innom strikkekafeen i den tida vi har halde ope. I skulehuset er det god stemning. Her legg ein vekt på det sosiale, og kravet til å kunne strikke er svært neddempa. Like vel kan vi seie at mange av strikkekjerringane er svært dyktige og det er inspirerande å følgje med i arbeidet med dei flotte plagga som etter kvart tek form.
I tillegg til å strikke er det mange fine, gamle mønstre samla i skulestova på Nedreberg. Her får ein idear til nye kreasjonar.
Vi skal heller ikkje gløyme den faste opplesinga av forteljingar skrivne av flittige elevar som gjekk på Bergsida skule på 30-talet. Dette er god underhaldning som gjev oss noko å tenkje på.
Som det seg hør og bør har vi og ei lita matøkt med heimelaga kaffimat og kanskje ein song eller to.
I haust har vi planlagt å skipe til kurs eller temakveldar etter ønskje frå deltakarane.
Alle som finn dette interessant, er velkomne. Nytt i haust er at Stryn husflidslag går inn og støttar kafeen.