Om Nedreberg
Garden Nedreberg har vore i bruk sidan det 13. århundre. Gjennom generasjonar har ein livnært seg av jordbruk, skogbruk, fiske og fangst. Bygningane som står i tunet i dag er frå 17- og 1800-talet.
Garden har blitt restaurert, og framstår som ei komplementær blanding av moderne komfort, og tradisjonar frå gamle dagar. Stryn kommune heidra Nedrebergtunet med Miljøprisen 2000 for restaureringsarbeidet.
Lokalitet
Nedrebergtunet er flott plassert, med panoramautsikt over Nordfjorden og fjella omkring. Garden ligg 4 km vest for kommunesenteret, og har mange lokale attraksjonar i nærleiken. Stryn og Nordfjord er mellom dei mest attraktive reisemål, både nasjonalt og internasjonalt.
Opplevingar
Frå Nedreberg har vi god tilgang til natur, kultur og opplevingar i eit vakkert og variert område. Eit opphald i tunet er ei kulturoppleving i ein spesiell atmosfære. I eit autentisk miljø tilbyr vi selskap, konferansar og kurs innan tradisjonsmat og gammalt handverk. Vi inviterer til varierte aktivitetar frå fjord til fjell året rundt. I stallen står ridehestar for bruk både på ridebane og til fjells.
I dag driv Amund og Torild Nedreberg tunet, med hjelp av Brit Fredlund til riding.
RSS